Alle bileta i Flora - Nkhotakota. ![]() Mange vil hjelpeI hovedstaden kunne ein sjå mange kvite bilar med namn på ulike lands hjelpeorganisasjon. Spørst om denne er der framleis?
![]() Enkle forholdMange prøver å tene seg nokre kwatcha på å klippe folk. Kanskje like bra hårklipp som den vi betaler 3 – 400 kroner for i Norge?
![]() SykkeldrosjeDette er registrerte sykkeldrosjar som held til i sentrum av Nkotakota og som du kan leige. Billeg og miljøvennleg transport.
![]() På pub i NkotakotaFrå høgre: Atle Havn, Ollie (optikar frå Tyskland som arbeidde på sjukehuset i Nkh), Ninja, Ruth Berit og Anny. Dei to nærast var lokale kameratar som eg ikkje har namnet på. Enkel møblering.
![]() Ubedd gjest i restauranten i Liwonde nasjonalparkDenne karen sprang lynraskt over borda, snappa eit brødstykke frå fatet mitt og var borte att på ein blunk.
![]() ÅtvaringHyttene der vi budde i Liwonde nasjonalpark. Nattestid skal ein ikkje rusle rundt på eiga hand.
![]() Tidleg morgon fottur i LiwondeFremst går guiden og viser veg og fortel kva vi ser. Bak oss går ein gevermann. To nederlandske turistar framfor oss
![]() AntiloperSannsynlegvis fordi det ikkje var løve eller andre rovdyr i Liwonde, var det ei mengde med ulike slags antiloper og andre hjortedyr. (Impala, watercbuck, kudu, duicker, sabelantilope osv) Dei let seg ikkje affisere av turistar heller.
![]() FlodhestarI Liwonde nasjonalpark skulle det vere rundt 2000 flodhestar. Dette er elva Shire som renn sydover frå Lake Malawi og saman med Zambezi River lenger sør.
![]() Vortesvin er rare dyrLegg merke til at dei går ned i kneståande med framføtene for å beite på bakken
![]() Soledgang over ShireVår tur med jeep og guidar i Liwonde nasjonalpark stoppa på denne utsiktsplassen der vi kunne nyte solnedgangen i vest. I sida på jeepen som står parkert framfor treet, kan ein sjå refleksen av solnedgangen.
Treet er faktisk 3 – 4 ulke tre som er vokse saman. (hugsar ikkje namnet)
![]() Farlege dyrHer helt vi oss på avstand. Også krokodillane skunda seg ut i vatnet når vi nerma oss. Desse beista kan bli ganske store!
![]() MøteDenne karen fotograferte eg frå jeepen, men på ein av våre tidleg morgon fotturar gjekk vi rett på ein elefant som kom i motsett retning. Både elefanten og vi bråstoppa og guiden vinka oss stille og roleg attende bak nokre busker medan geværmannen stod klar med rifla. Så rusla elefanten i ein anna retning.
Annonse
| ||||||||||||||||||||