Pent brukt trålar til salsUnderteikna og Atle Havn som er involverte i Linga Commercial Fishermen and Boatbuilders Ltd (i Nkhotakota, Malawi) var i månadsskiftet juni/juli i Nkhotakota for å følgje opp utviklniga av fiskeselskapet. Ei av oppgåvene våre i Malawi var å sjå på moglegheitene for eit større fiskefartøy for pelagisk hekktråling. Ein slik båt tillett oss å dra ut på djupare vatn for å fiske av ubeskatta fiskestammar. I Monkey Bay sør i Malawi innsjøen kom vi over ein artig båt som de kan sjå på biletet. Biletet viser Atle Havn (t.v.) og Tor Arne Grønli framfor hekktrålaren “Flora” i Monkey Bay, Malawi. Vi fann hverken ut bakgrunnen for navnet eller kven dagens eigar var, men dersom nokon legg inn eit godt bod er vi sikre på at eigaren vil komme til rette:-).
Kan born drive utviklingsarbeid?Frå Flora Barneskule sin innsamlingsdag i 2008 har to skular i Nkhotakota i Malawi fått pussa opp 8 klasserom, bygd eit lærarkontor samt fått kjøpt inn lærings- og sportsmateriell. Samtidig er støtta frå Eikefjord Barneskule på veg til å verte forvandla til Mlera Aids Support Organisation sitt nye hovedkvarter. Sjølv om summane er relativt beskjedne er eg viss på at støtta frå desse barna rekk lengre enn ein dobbelt så stor sum frå ein tradisjonell hjelpeorganisasjon. Eg ser det at mange prosjekt leia av større hjelpeorganisasjonar strandar på grunn av dårlig organisering, at dei overstyrer lokale behov, eller forsøker å fjernstyre prosjekt utan lokal tilstedeværelse. I nokre tilfeller ser ein at mykje av pengane går til å smøre systemet, eller til store nye Land Roverar. Her har vi lagt vekt på å få med oss både dei respektive kommunale etatane som kontrollørar medan deter mottakarane sjølv som har komme med innspel på kor behovet ligg og sjølv fått ansvaret for gjennomføringa. Det starta med brev Ein lærar for 96 elevar Pengane rekk langt Eikefjord støttar AIDS arbeid Kven seier at born ikkje kan gjere forskjell. Takk til Barna (og deira foreldre og støttespelarar) frå Florø og Eikefjord! Turist i MalawiNkotakota Malawi er ikkje av dei mest kjende reisemål i ”syden”, men desto meir spennande. Her er du på landsbygda i Afrika, utan moderne hjelpemidlar, utan internasjonale hotellkjedar og ingen Macdonalds. Vi var så heldige å ha kjende: Ruth Berit, Ninja og Atle Havn frå Flora var kjentfolk og guidar. Dei tre var Flora kommune sine utsende i ein 1 ½ års periode og det var tydeleg at dei hadde fått god kontakt med lokalbefolkninga. Ninja var lærar på ”Secondary School”, Ruth Berit arbeidde med oppdrettsprosjekt på Fisheries department og Atle Havn var næringrådgjevar, nett i ferd med å få internettkafeen i Nkhotakota på lufta og i sving med eit båtbyggingsprosjekt for å gjere lokale fiskarar i stand til å drive fiske på djupt vatn. Liwonde Nasjonalpark Malawisjøen er nesten 3 gonger så lang som Sognefjorden og 75 km tvers over på det breiaste. Det skal vere fleire hundre fiskeslag i denne innsjøen, men fisket føregår for det meste nær land frå små primitive båtar. Det er ganske utruleg, men framleis brukar dei uthola trestokkar, same teknologi som under steinalderen. Eit av dei prosjekta som Flora kommune sine medarbeidarar har sett i gang, er å få i gang bygging av større båtar så fiskarane kan komme seg ut på ”havet” etter den større fisken i staden for å fange småfisk og yngel langs stranda. The warm heart of Africa Gode moglegheiter for utvikling. Fornya vennskapsavtale, Flora Vgs – Nkhotakota Secondary SchoolEin delegasjon frå Flora Vidaregåande skule er no tilbake etter ei hektisk veke i Nkhotakota. Med i baggasjen er ei fornya vennskapsavtale med Nkhotakota Secondary School og dokumentasjon på at arbeidet skulen legg ned gjev resultat i Nkhotakota. Ein kort status følger her: Sidan oppstart av vennskapsavtalen har Flora Vgs støtta meir enn 40 vanskeligstilte elevar med utdanning, dei har oppretta eit yrkesopplæringstilbod, dei har renovert sengene på skulen sitt internat og starta opp fylkets einaste Internettcafé. Underteikna har vore så heldig å lage program samt å få vise delegasjonen rundt. Fattige elevar dei beste Ny vennskapsavtale – støtta av russen Internett lettar arbeidet Tallet er 29! Øystein Første kommune i Malawi med nettside!Malawi ligg no som nr. 164 av 177 land på Human Development Index. Jamfør CIA Factbook er berre 1 % av landets 14 millionar innbyggarar internetbrukarar. I Nkhotakota, kor ein anslagsvis finn 10 kundar har eigen internettforbindelse, er tallet truleg mykje lågare. Så ein kan sjølvsagt stille spørsmålet kven er målgruppa til nettsida til ein kommune kor bortimot ingen har innbyggarane har moglegheit til å surfe på nettet? Det er lenge til ein kan logge inn for å lese av målestanden for vannavgifta på nkhotakota.com, men det er heller ikkje det som er hovudgrunnen til å opprette ei heimeside for kommunen. Hovudmålgruppa til sida er; noværande og potensielle organisasjonar som jobbar eller vil jobbe med utvikling i kommunen, samt turistar. I Nkhotakotas utviklingsplan for dei neste tre åra har ein budsjettert at 2/3 av pengane som vert brukt på utvikling kjem frå eksterne donorar. Størstedelen, mellom anna pengar frå Norge, kjem som statlege utviklingsprosjekt medan ein god del vert kanalisert via organisasjonar som Røde Kors, Concern og eit 20 talls andre store og små organisasjonar. Denne nettsida er første steg frå kommunen si side mot å dele sine overordna planar for distriktet, då det er viktig at dei som jobbar her har ein felles plan. Kommunen sin district development plan for 2008-2011 ligg no tilgjengelig på nett, og har ei rikhaldig liste over “ledige” prosjekt som søkjer støtte. Slik kan ein også sjå på sida som eit viktig marknadsføringsverkty for å trekke til seg nye utviklingspartnarar. Alle utviklingspartnarane i distriktet gjer også at det kjem ein del kollegaer, familie og vener på besøk. Eg har lagt merke til at Nkhotakota ikkje er veldig mykje nemnt i gudiebøker eller på Internet. Målet er at nkhotakota.com også skal bli den beste ressursen for turistar for dette området. Så langt finn du informasjon om både overnatting og attraksjonar. Dette kjem til å bli utvida etterkvart som eg vert betre kjend med området. No når sida er nokonlunde oppe vert arbeidet vidare retta mot å identifisere kven som skal oppdatere sida vidare og starte opplæring. Eg har jo i alle fall etter kvart (når været vert litt betre) planar om å returnere til Sunnfjord. vh Øystein
Vil du bli med å støtte næringsutvikling i Nkhotakota?![]() Sidan oktober har eg jobba som Monitoring and Evaluation Officer i Nkhotakota i Malawi. For tida forsøker eg også å bistå ein gjeng engasjerte fiskarar/båtbyggarar å få i gang eit spanande prosjekt. Tenkte å utfordre bedrifter i Flora til å vere med på å gi ein liten ”jule-donasjon” som kan skape store positive ringverknader for Flora sin vennskapskommune i sør. Linga Boat Builders Association (LBBA) starta i 2007, med to mål for auget: å bygge båtar og å drive djupvasstråling I Lake Malawi. Til no har dei bygd og solgt seks båtar som dei har reinvestert i materiell til to 25,6 fot store trålarar, som per desember 08 er 99 % ferdige. Undersøkingar viser at det er ein stor bestand av pelagisk djupvannsfisk som ikkje vert utnytta i innsjøen. Samtidig er overfiske langsmed land eit stort problem, då fiskarane i dag har for små båtar til å nå dei djupe områda. Myndighetene har gitt tommelen opp for at LBBA skal få sin fiskelisens så snart dei to båtane er sertifiserte. Dei vert då den einaste aktøren som fiskar på djupt vatn i denne delen av innsjøen, sjølv om etterspørselen etter fisk er høg. Greier LBBA å realisere prosjektet vil dei skape etterlengta arbeidsplassar og verdiskapning i Nkhotakota (20 personar vert tilsett direkte i fisket). Det vil også betre matvaretryggleiken for området, samt redusere overfisket i dei grunne delane av innsjøen, der fisken gyt. Overskotet frå fisket har LBBA tenkt å reinvestere i båtverftet sitt. Båtane dei no straks er ferdige med er verdsatt til ca 250.000 NOK, men dei treng omtrent like mykje til motorar og fiskeutstyr for å komme igang. Som ”kvit økonom” med tilgang på e-post får ein mykje lettare kontakt med potensielle investorar enn ein ”vanleg malawier”. Vi har i desember fått kontakt med fleire ulike finansinstitusjonar (mikro- og SMB kreditt) som har vist interesse for prosjektet. Problemet er at det fort kan gå nokre månader til før finansiering er på plass – og kontantbeholdninga til LBBA syng på siste verset. Pr. i dag treng dei omlag 10 000 NOK til driftskostnadar, medan dei ventar på finansiering (dette vil vare i tre mnd). Pengane vil ikkje bli gitt som gåve, LBBA skal betale dei tilbake med 10 % årleg rente innan jul 2009. Dei skal då overførast til kontoen ”people to people – Flora Nkhotakota” som fordeler anna donorstøtte frå Florø til vanskelegstilte unge i kommunen. Underteikna lover full rapport over kva ein har fått ut av pengane – både hos LBBA og gjennom ”people to people” samarbeidet. Eg vil sjølvsagt halde kystpuls oppdatert i høve framdrift (vil nok gjøre uansett). Om nokon vil støtte 500, 1.000 eller meir kr så vil eg på forhånd takke så mykje. Ha uansett ei fin jul:-) Øystein Garfors (Ettersender gjerne forretningsplanen til dei som er interesserte) Nkhotakota NewsLite aktivitet på Nkhotakota fronten for tida. Som utsendt Sunnfjording ser eg på det som mi plikt å skape litt blest igjen. Underteikna er ein av to FK utsendingar som er utveksla frå Flora Kommune for å jobbe i Nkhotakota District Assembly. Min kjære Benedicte som er sjukepleiar har skreve ein del om kva som skjer på jobben sin. Eg og Ørjan (som er den andre FK utsendingen som jobber hos Fisheries Department) pleier å spøke om at det berre er ho som gjer noko fornuftig. Når vi møtes i lunchen fortel ho f.eks at ”idag har eg operert ein brokk, knekt på plass ein arm utan bedøvelse og hjelpt til med eit par keisersnitt”. Eg som berre har vore i møter og skreve litt på ein rapport føler av og til at det eg driv med er meir eller mindre meiningslaust i forhold. Benedicte har vore nokre dagar på ”major theathre” (store operasjonssalen) denna og førre veke. Mykje gode historier om blod og gørr i lunchen. Men det beste er at mellom kvar operasjon så heng alle sjukepleiarane og medical officerane over ei datamaskin, i kø for å spille ”donkey kong 2”:-) Tenkte å fortelle litt om mitt “meiningslause” arbeid: Som monitoring and evaluation officer skal eg ha kontroll over “alt” som skjer i kommunen. Kort fortalt går det på å få alle avdelingane til å jobbe etter klare mål og indikatorar, slik at vi kan måle kor bra dei presterer i forhold til planena som er satt opp. Ut frå dette skal eg samle inn informasjon og lage rapportar til kommuneadministrasjonen + to departement (ministry of local gouverment og ministry of economical planning and development). Reiser også rundt i kommunen for å sjekke status paa ulike prosjekt. Desverre fulgte det ikkje med noko opplæring med stillinga. Han som var min forgjengar fekk plutselig studiepermisjon – noko som passa godt med at ein Naustedøl kom rekande frå Norge. Det har med andre blitt ein del prøving og feiling og frustrasjonar. I tillegg til at eg er i eit nytt land, i ny jobb og ein anna kultur så er det i hovedsak tre ting eg har ”plagast med”: 1. Rutiner: For det første var det ikkje rutinar eller deadlines for rapportering innad i kommunen. Avdelingane hadde heller ingen klare malar for korleis dei skulle rapportere. Får sakte men sikkert etablert rutiner rundt jobben og skaffa meg oversikt over det meste som skjer om utvikling i Nkhotakota. Rekner med eg får bruk for det i Trival Pursiut seinare. Frustrasjonane mine er jo mikroskopiske, i alle fall i forhold til den harde kvardagen på lokalsjukehuset. Men det er her som det er heime – ein må ha noko å klage over:-).. Er også viktig å ha noko å glede seg over, nett no er det at eg slepp snøslaps, julehandel, julevask (klart vi vasker, men det lar vi sjølvsagt hushjelpa vår gjere) og sølvguttane på julafta. Spesielt interesserte med fritidsproblem kan også lese meir om livet her via “Nkhotakota News” (garfors2.blogspot.com). Julehelsing frå Øystein Garfors, Hakk i plataHjemme på loftet hos mine foreldre, inne i et skap bak en sofa, ligger det en LP-plate med den spanske discogruppen Baccara (som var veldig kule på 1970-tallet – men som nå vel kan sies å ha utspilt sin rolle.) Jeg må innrømme at det ikke er så ofte jeg tar frem denne platen. Først og fremst er dette fordi jeg synes det er trøttende å høre på den og tekstene er heller ikke så gode. En annen grunn er at etter ett minutt er det hakk i platen, så teksten går om igjen og om igjen og om igjen, uten at noen nye elementer kommer frem. Slikt sett har denne LP-platen og Ole Stenbakk ikke så rent lite tilfelles. Ole Stenbakk, selvutnevnt bistandsekspert, skriver i siste utgave av Firdaposten, 3. juni, i et av sine mange innlegg om, ja klarer du å gjette det? Helt rett: Malawi-samarbeidet til Flora kommune:
Bente Nilsen Halvorsen, som jeg selv må si er overraskende fornuftig for å være i SV, blir selvsagt helt galt fremstilt av Stenbakk. Å kalle dette ”smøreturer” og ”ekstremferie” er faktisk bortimot komisk. Dette har rådmannen i Flora poengtert på en treffende måte flere ganger tidligere. Siden jeg er av den oppfatning at å gjenta seg selv til det kjedsommelige er nettopp det: kjedelig, så skal jeg
Jeg vil påpeke at jeg synes det er ganske utrolig at Stenbakk mener jeg egentlig hører hjemme i SV. Stenbakks konklusjon er nok heller ikke en ledelsen i Flora SV vil si seg enig i, vil jeg tro. Jeg synes kommentaren er bak mål, og tyder på at Stenbakk ikke har fått med seg de mange ulike sakene jeg har frontet som Høyrepolitiker, som vel ikke akkurat kan sies å være tuftet på SVs prinsipprogram. ”Det begynte med den hurtigvoksende høyrespiren Jacob Nødseth….” skriver Stenbakk, noe som selvfølgelig er helt feil. Flora kommune har hatt to politiske representanter i Malawi: Linda Regina Bruvik, tidligere formannskapsmedlem for Arbeiderpartiet – som hadde den politiske representasjonsrollen fra 2003 til 2007 – og nå Bente Nilsen Halvorsen, formannskapsrepresentant for SV. Høsten 2005 besøkte jeg Malawi som elevrådsleder på Flora videregående skole, jeg meldte meg inn i Unge Høyre først i 2006. Dette betyr at jeg reiste til Malawi som representant for elevene på Flora videregående skole – ikke som politiker. Etter dette har jeg vært involvert i prosjektet som representant for elevrådet på Flora videregående skole – ikke gjennom mine politiske verv i Flora kommune. Dette betyr at jeg i dag ikke har noe med prosjektet å gjøre. Jeg har ikke tjent penger på dette, men har høstet erfaringer som jeg har hatt nytte av også i politiske sammenhenger. Å hjelpe andre er noe man selv får mye igjen for. Denne gnisten som er tent hos mange ungdommer i Flora, den undergraver Ole Stenbakk med sine utspill. Dette er synd, for det er ingen tvil om at Stenbakk har et genuint engasjement for bistandssaker. At folk bryr seg om de mer vanskeligstilte, enten de bor i Bremanger eller i Nkhotakota, og tar aktivt grep for å bedre deres situasjon slik som for eksempel Stenbakk har gjort, er prisverdig og viktig for samfunnsutviklingen – slutter folk å bry seg om andre stopper samfunnet opp. Stenbakk referer i sitt innlegg til et sitat i Firdaposten der jeg sier at Malawi-samarbeidet er det viktigste kommunen driver med. Husker jeg rett er dette fra en reportasje som ble skrevet i forbindelse med at jeg skulle holde årets 17. mai tale på Florø stadion. Jeg har i år som i fjor gått i bresjen MOT utenlandske flagg på Norges nasjonaldag og i den forbindelse har jeg ikke så rent sjeldent fått kritiske kommentarer fra venstreorienterte personer – ofte lærere tilhørende det partiet Stenbakk mener jeg bør melde meg inn i. Fra min side ble det sagt til Firdaposten, som en kommentar til det flerkulturelle Norge, at Malawi-samarbeidet til Flora kommune er viktig å vedlikeholde. Jeg har selv sett at det har brakt mye med seg, men sitatet Stenbakk refererer som stod i Firdaposten er ukorrekt. Jeg mener ikke at dette er det viktigste arbeidet Flora kommune driver med. Men jeg mener at kommunen bør holde frem med prosjektet, og heldigvis er jeg ikke alene: Dette er det bred tverrpolitisk enighet om i Flora bystyre. Som medlem av bystyret og kommunens helse- og sosialutvalg ser jeg ofte resultatet av at kommunen har en, for å si det forsiktig, anstrengt økonomi. Som andre har jeg kritisert rådmannen og administrasjonen i Flora kommune, når jeg har ment at det har vært grunn for det. Jeg synes også det er viktig å gi ros når det er på sin plass. Når det gjelder Malawi-samarbeidet hadde vi ikke fått dette til uten rådmann Fredrik Gulbranson. Engasjementet som er tent hos mange unge i Florasamfunnet, som også Stenbakk roser (selv om han kritiserer undertegnede som var med på å starte det opp), kan vi i stor grad takke rådmannen for. At Flora kommune er i Robek-registeret og har en dårlig økonomi kan vi takke den politiske ledelsen i kommunen, som er Flora Arbeiderparti og deres kompanjonger. Til neste valg (i 2011) har Arbeiderpartiet styrt Flora kommune i 20 år… Ole Stenbakk og jeg har det til felles at vi mener mangt om mye, og bra er det. Noe annet vi har tilfelles er at mange nok mener at vi uttaler oss om ting vi ikke har greie på. Jeg har selv fokusert på saker som kjønnskvotering, ølpolet i Førde, dagtilbudet for eldre, bosetting av flyktninger, den omtalte flaggsaken med mer. Men Ole Stenbakk synes jeg etter hvert er blitt ganske ensformig. Fremfor å fortsette denne debatten, som er tynn for saklighet og fornuft (noe jeg tror mange lesere er enige i) så vil jeg heller velge å tørke støvet av Baccara LP-platen fra loftet til foreldrene mine og lytte til en hakkete ”Yes Sir, I can boogie” – på nytt og på nytt og på nytt. Dette innlegget står for undertegnedes egen regning. Klart for internasjonal veke![]() Engasjerte elevar vil denne veka samle inn over 100 000 kroner til Kelme i Litauen og Nkhotakota i Malawi. Elevane skal torsdag arbeide for å samle inn over 100 000 kroner som skal brukast til utvikling og hjelp i Flora sine samarbeidskommunar, Kelme i Litauen og Nkhotakota i Malawi. Elevane får sjølve velje kva dei vil arbeide med på aksjonsdagen. Nokre vel å jobbe i bedrifter, medan andre vel alternative prosjekt, som til dømes å vere gatemusikantar. I tillegg til denne aksjonsdagen vert det også arrangert internasjonal dag på skulen tysdag, med program som skal gje elevane motivasjon til aksjonarbeidet og lærdom om både samarbeidskommunane og andre delar av verda. Resten av dagen vil elevane kunne vere med på om lag 20 forskjellige aktivitetar som representerer ulike nasjonalitetar og kulturar, med alt frå matlaging til dans. Sidan januar har nærmare 40 frivillige elevar og lærarar i årets aksjonskomité arbeidd mot den internasjonale veka. Velkommen!Velkommen til sona for samarbeidet mellom Flora kommune og Nkhotakota i Malawi. Og lurar du på noko om samarbeidet, er det berre å spørje! Annonse | |||||||||||
Nyaste kommentarar