Pent brukt trålar til salsUnderteikna og Atle Havn som er involverte i Linga Commercial Fishermen and Boatbuilders Ltd (i Nkhotakota, Malawi) var i månadsskiftet juni/juli i Nkhotakota for å følgje opp utviklniga av fiskeselskapet. Ei av oppgåvene våre i Malawi var å sjå på moglegheitene for eit større fiskefartøy for pelagisk hekktråling. Ein slik båt tillett oss å dra ut på djupare vatn for å fiske av ubeskatta fiskestammar. I Monkey Bay sør i Malawi innsjøen kom vi over ein artig båt som de kan sjå på biletet. Kan born drive utviklingsarbeid?Frå Flora Barneskule sin innsamlingsdag i 2008 har to skular i Nkhotakota i Malawi fått pussa opp 8 klasserom, bygd eit lærarkontor samt fått kjøpt inn lærings- og sportsmateriell. Samtidig er støtta frå Eikefjord Barneskule på veg til å verte forvandla til Mlera Aids Support Organisation sitt nye hovedkvarter. Sjølv om summane er relativt beskjedne er eg viss på at støtta frå desse barna rekk lengre enn ein dobbelt så stor sum frå ein tradisjonell hjelpeorganisasjon. Turist i MalawiNkotakota Malawi er ikkje av dei mest kjende reisemål i ”syden”, men desto meir spennande. Her er du på landsbygda i Afrika, utan moderne hjelpemidlar, utan internasjonale hotellkjedar og ingen Macdonalds. Vi var så heldige å ha kjende: Ruth Berit, Ninja og Atle Havn frå Flora var kjentfolk og guidar. Dei tre var Flora kommune sine utsende i ein 1 ½ års periode og det var tydeleg at dei hadde fått god kontakt med lokalbefolkninga. Ninja var lærar på ”Secondary School”, Ruth Berit arbeidde med oppdrettsprosjekt på Fisheries department og Atle Havn var næringrådgjevar, nett i ferd med å få internettkafeen i Nkhotakota på lufta og i sving med eit båtbyggingsprosjekt for å gjere lokale fiskarar i stand til å drive fiske på djupt vatn. Nkotakota er eit ”district” (fylke eller kommune) og ein by, eller tettstad der det bur massevis av folk, men utan noko utprega bymessig busetnad. Helst å samanlikne med ei stor bygd med eit lite sentrum, der folk elles bur over eit stort område. Dei har ein god bilveg nord–sør gjennom landet, men det var ikkje mange bilar. Derimot er det folk ute og går heile tida. Dei fleste går til fots, også over lange avstandar. Alle stader ser ein folk som går. Enkelte har syklar som ofte er tungt lasta. Tungt lasta er også folk, spesielt kvinner som ber tunge bører på hovudet. I tillegg til å ha sterk rygg og hals, har dei ein imponerande teknikk. Utanom dei 3 florøværingane var det ikkje mange europearar blant dei rundt 300.000 innbyggjarane i distriktet. Det var ein bensinstasjon i byen, men det var slett ikkje alltid at det var bensin å få kjøpt. I Nkotakota var det eit par overnattingsverksemder, ”lodges”, av heilt ok standard. Her er ingen aircondition eller flislagde baderom, men ein enkel dusj på enden av eit røyr gjer same nytten. Når utetemperaturen er mellom 30 og 40 grader, er det ikkje behov for varmekablar i badgolvet. Om natta var det kjølegare, likevel i varmaste laget for oss, men ikkje utåleleg. Turisme er truleg meir uvikla i dei større byane som hovudstaden Lilongwe og Blantyre, men Malawi er ikkje noko stort reisemål for turistar endå. Fornya vennskapsavtale, Flora Vgs – Nkhotakota Secondary SchoolEin delegasjon frå Flora Vidaregåande skule er no tilbake etter ei hektisk veke i Nkhotakota. Med i baggasjen er ei fornya vennskapsavtale med Nkhotakota Secondary School og dokumentasjon på at arbeidet skulen legg ned gjev resultat i Nkhotakota. Ein kort status følger her: Første kommune i Malawi med nettside!Malawi ligg no som nr. 164 av 177 land på Human Development Index. Jamfør CIA Factbook er berre 1 % av landets 14 millionar innbyggarar internetbrukarar. I Nkhotakota, kor ein anslagsvis finn 10 kundar har eigen internettforbindelse, er tallet truleg mykje lågare. Så ein kan sjølvsagt stille spørsmålet kven er målgruppa til nettsida til ein kommune kor bortimot ingen har innbyggarane har moglegheit til å surfe på nettet? Det er lenge til ein kan logge inn for å lese av målestanden for vannavgifta på nkhotakota.com, men det er heller ikkje det som er hovudgrunnen til å opprette ei heimeside for kommunen. Hovudmålgruppa til sida er; noværande og potensielle organisasjonar som jobbar eller vil jobbe med utvikling i kommunen, samt turistar. Vil du bli med å støtte næringsutvikling i Nkhotakota?![]() Sidan oktober har eg jobba som Monitoring and Evaluation Officer i Nkhotakota i Malawi. For tida forsøker eg også å bistå ein gjeng engasjerte fiskarar/båtbyggarar å få i gang eit spanande prosjekt. Tenkte å utfordre bedrifter i Flora til å vere med på å gi ein liten ”jule-donasjon” som kan skape store positive ringverknader for Flora sin vennskapskommune i sør. Nkhotakota NewsLite aktivitet på Nkhotakota fronten for tida. Som utsendt Sunnfjording ser eg på det som mi plikt å skape litt blest igjen. Underteikna er ein av to FK utsendingar som er utveksla frå Flora Kommune for å jobbe i Nkhotakota District Assembly. Min kjære Benedicte som er sjukepleiar har skreve ein del om kva som skjer på jobben sin. Eg og Ørjan (som er den andre FK utsendingen som jobber hos Fisheries Department) pleier å spøke om at det berre er ho som gjer noko fornuftig. Når vi møtes i lunchen fortel ho f.eks at ”idag har eg operert ein brokk, knekt på plass ein arm utan bedøvelse og hjelpt til med eit par keisersnitt”. Eg som berre har vore i møter og skreve litt på ein rapport føler av og til at det eg driv med er meir eller mindre meiningslaust i forhold. Benedicte har vore nokre dagar på ”major theathre” (store operasjonssalen) denna og førre veke. Mykje gode historier om blod og gørr i lunchen. Men det beste er at mellom kvar operasjon så heng alle sjukepleiarane og medical officerane over ei datamaskin, i kø for å spille ”donkey kong 2”:-) Tenkte å fortelle litt om mitt “meiningslause” arbeid: Hakk i plataHjemme på loftet hos mine foreldre, inne i et skap bak en sofa, ligger det en LP-plate med den spanske discogruppen Baccara (som var veldig kule på 1970-tallet – men som nå vel kan sies å ha utspilt sin rolle.) Jeg må innrømme at det ikke er så ofte jeg tar frem denne platen. Først og fremst er dette fordi jeg synes det er trøttende å høre på den og tekstene er heller ikke så gode. En annen grunn er at etter ett minutt er det hakk i platen, så teksten går om igjen og om igjen og om igjen, uten at noen nye elementer kommer frem. Slikt sett har denne LP-platen og Ole Stenbakk ikke så rent lite tilfelles. Ole Stenbakk, selvutnevnt bistandsekspert, skriver i siste utgave av Firdaposten, 3. juni, i et av sine mange innlegg om, ja klarer du å gjette det? Helt rett: Malawi-samarbeidet til Flora kommune: Klart for internasjonal vekeVelkommen!Velkommen til sona for samarbeidet mellom Flora kommune og Nkhotakota i Malawi. Vi håpar de vil dele dykkar erfaringar og synspunkt her, i tillegg til foto og nyheiter om samarbeidsprosjekta. Annonse Flora - Nkhotakota
Følges av 19 medlemmer.
Sone som handlar om dei ulike samarbeidsprosjekta mellom Flora og Nkhotakota i Malawi. Her kan ein diskutere og dele informasjon og bilder frå dei ulike prosjekta. Meir om sona Flora - Nkhotakota er en sone på Origo. Les mer | ||